Leif Wikøren Nilsen

Fire vener handla i tru

Stort er trua sitt mysterium!

Fire vener hadde ein lam ven. De fire hadde høyrt om Jesus, at han var i byen, at det skjedde under der han var. No ville dei gje den lamme ein sjanse til å bli frisk. Då dei kom til huset der Jesus var, såg dei at det ikkje var mogleg å koma til Jesus for trengselen.”Det er iallefall ikkje nokon på taket, ” seie ein av dei. ”Dersom me lagde hol i taket, kunne Jesus i alle fall ha sett den lamme venen vår.” sa den neste. ”Dersom me lage holet stort nok kan me kanskje få venen vår ned til han?” sa den tredje. ”Eg har reiskap til å laga hol og tau te å fira ham ned, ” seie den fjerde.

At dei fekk gjer det dei hadde tenkt, utan å bli stoppa, skjønar eg ikkje, men eg kan sjå føre meg menneska inne i huset, der støv og delar av taket ramla ned. Dei gjer plass. Jesus trer fram og kikke opp. Det er stille. Solstrålane er tydelige i alt støvet. Så skygges det av fire menn. Ei båre. Framom Jesus. Ein lam. Jesus ser den lamme. Han ser dei fire venene han. Kva står det så om Jesus? ”Når Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: Son, syndene dine er tilgjevne.” og ”Stå opp, ta båra di og gå heim.”

Me er lova frelse gjennom sakramenta: ved ordet, ved dåpen, ved nattverden. Her ser me óg at frelse skjer ved å bera dei me har kjær - fram for Gud – i tru – og så stole på at det ikkje er opp til oss, men opp til Gud.

- Stort er trua sitt mysterium!

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..