Leif Wikøren Nilsen

Dom

Var du der? Var du der?

Før me startar på adventstida, kjem domssundagen. Noko mildare vert han kalla «siste sundag i kyrkjeåret». Det kan vere lett å tenke at dette handlar om verdas undergang, slutten på livet som me kjenner det no. Det er eit velkjent tema som også blir brukt i filmproduksjonar til døme serien Left Behind, Matrix, Judgement Day osb.

Tema for domssundagen tek utgangspunkt i dette, ja. Men det er ikkje dette som først og fremst er i fokus når kyrkja har sin domssundag. Fokus er på korleis me er og lever i dag. Korleis me samhandlar med menneske rundt oss i dag. Let me Jesu kjærleik verkeleg verta synleg i mellom oss i tankar, ord og gjerningar i dag? Og ut frå dét spring domen ut. Les t.d Matt 25, 31-45. Å gje sitt bidrag til misjon, naudhjelp og bistand til eit fjernt land langt der ute i verda, er ein trygg måte skyve utfordringa bort på. Men naud finst også i vårt eige lokalsamfunn: Nyinnflyttarar utan nettverk. Menneske som slit på grunn av livssituasjon og/eller psyke. «Kor var du då?»

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..