Leif Wikøren Nilsen

Jesu namnedag

Barnet som skal frelsa folket frå syndene

Matt 1, 20f: Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»

Jula er ei rar tid. Ei tid full av motsetninga: sprudlande barneglede – mysterier som gøymast i hjarta – og draumar som endrar retninga for livet. Slik var det og for Josef. Han hadde fyrst planlagt livet – gifta seg med Maria, få mange barn, arbeida, og bli gamal. Så hadde livet snudd seg opp ned - Maria var blitt gravid før draumen hadde byrja. Ikkje rart om Josef låg uroleg og sov då engelen kom for å bekrefta Maria si historie. Og som eit slør som tas bort, fell misforståinga bort. Og Josef får openbart namnet han ska gje barnet: Jesus – og det blir utlagt: For han skal frelsa sitt folk frå syndene deira.

Jula er ei tid full av motsetningar. Frå barneglede over eit nyfødt barn – til at sløret fell bort og me ser: dette barnet kom for å frelse meg gjennom tru og kross. Som det heiter i salma:

Frå krybba til korset gikk vegen for deg,
slik opna du porten til himlen for meg.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..