Automatisk
Kva skal til for å få fleire til å sjå kor livsnødvendig det er å samlast som Guds folk til gudsteneste?
På såmannssøndag 5. februar høyrer me i frå Bibelen at vekst skjer av seg sjølv (av omgrepet «automatisk»). Skal ein tenkje seg at kyrkjelyden skal vekse er dette ein sentral tanke.
• Gud har utrusta alle mennesker med ein kreativitet som sett dei i stand til å finne eigne løysingar og utvikla sin eigen måte å gjere ting på.
• Ulike tilnærmingsmåtar tilpassa den enkelte kyrkjelyd er betre enn eit felles mønster.
• At kvalitet er den strategiske rota til kvantitet.
• At nøkkel til suksess er ein vedvarande og langvarig prosess – og at sjølv det minste steg i riktig retning verkeleg er eit framsteg.
• Å søke ein bibelsk balanse mellom dei ulike tenester i kyrkja.
• Når det er mykje som skal gjerast, skal ein konsentrera seg om det spesielle aspektet som har potensiale til størst framgang.
Eg har tru på vekst i kyrkja - «kyrkjevekst». Eg har tru på at ein slik vekst kan skje naturleg - «naturleg kyrkjevekst». Eg har tru på at det kan skje gjennom å vere Bjerkreim kyrkjelyd. Eg vonar at me kan fortsette å gå nokre steg i ein slik retning.