Leif Wikøren Nilsen

Kunne oppstandinga vore førstesiteoppslag i media påskedag?

Oppstoda kan lett forsvinne for alt det andre som skjer i vår påskefeiring

Om NRK sin Jerusalem-korrespondent hadde vore til stades for 2000 år sidan, hadde me kanskje fått følgjande reportasje:

Sundag morgon byrja eit rykte å spreie seg omkring i byen omkring den omstridte avrettinga av Jesus Josefsen. Meldingane går ut på at den henretta Jesus Josefsen framleis lever!

Torsdag blei han fanga og forhøyrt. Han blei funne skuldig i blasfemi og urostifting. Og allereie fredag blei han avretta ved krossfesting. Før sola gjekk ned og den jødiske påskehøgtida starta var han allereie gravlagt. Gravplassen blei sett under strengt vakthald same kveld.

Så var det altså tidleg sundag morgon at det skal det ha skjedd noko ved gravplassen. Soldatane som vakta grava hadde store problem med å forklara seg. Og grava, den blei funne tom!

Det lokale kriseteamet er i aksjon. Soldatane som heldt vakt ved graven, blei raskt frakta til sjukehus. Der får dei psykiatrisk hjelp for sjokket. Klart det har vore traumatisk.

Nokre kvinner og andre som hadde vore nær Jesus, hevdar at Jesus lever. Ei kvinne fortalte: ”Han var død i tre dagar, men han er nå stått opp frå dei døde, slik som han sa”.

Nå blir ryktet spreidd i heile Jerusalem og vidare ut i området rundt. Det har ikkje vore råd å få nokon kommentarar verken frå romerske styresmakter eller frå nokon i jødane sitt høge råd. Men det store spørsmålet er altså nå – Kva skjedde sundag morgon ved grava til opprøraren Jesus?

Odd Karsten Tveit - Jerusalem.

Denne tenkte nyheten sette fokus på riktig hending for påska. Men eg lurer litt: Kvifor kjem denne fantastiske nyheta om oppstoda så lett i bakleksa for alt det andre som skjedde i påska? Det er jo oppstoda som er sjølve kjerna for den kristne trua. Utan oppstoda så er heile trua vår dårskap.

Det mest sentrale symbolet for oss kristne er ikkje det korset som heng og fortel om den døde Jesus, som om historia sluttar der. Det mest sentrale symbolet for oss kristne, er det tome korset. Jesus er ikkje lenger død. Han stod opp. Og han lever!

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..