Leif Wikøren Nilsen

Bibelen er full av bileter og symbol

Men det er eit symbolet me oftast overser

Eit symbol kan vere eit tegn, ein gjenstand, ein handling eller eit språkleg bilete som har ei djupare meining. Ofte hjelper dei oss å forstå vanskelege omgrep, idear eller førestillinger. T.d: ”22. juli” er no blitt eit symbol på noko av det værste som har skjedd Noreg i seinare tid. Samstundes fekk rosa eit forsterka innhald. Den synte oss samhald, solidaritet og kjærleik på ein ny måte. Tilsvarande: i mai blei ein sko i ei rettsak eit symbol på opparbeida frustrasjon, sinne og hat.

Bibelen og kristne til alle tider har og gitt oss eit mangfald av symbol. Det tomme korset. Stjerna. Lilja på marka. Olavskorset (våpenskjoldet til Den norske kyrkja). Likevel, det symbolet vi som oftast overser er det biletet og den likninga vi sjølv er av Gud 1. Mos. 1, 26f.

I spegelen kan me då sjå oss sjølve. Mennesket. I stand til både godt og vondt. Gud som skapte oss til gode gjerningar, han legg framføre deg oppgåver du berre treng å trå inn i Ef 2, 10. Du møtar nesten din. Og i nesten din oppdagar du nye symbol – nye likningar – av Gud. Matt. 25, 35ff. Ha ein velsigna sommar og vær gode førebilete av Gud.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..