Leif Wikøren Nilsen

Kristi kongedag

Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst..

Siste sundag i kyrkjeåret er i år 25. november, og den vert kalla domssundag. No har han også fått navnet ”Kristi kongedag”. Ein av tekstane som høyer med er frå Joh 18, 33-37 – og handlar om når Jesus står for Pilatus. Eg ser for meg at Pilatus vart usikker på kven Jesus var - på kvifor mobben var så forarga på han. Pilatus tek eit steg tilbake, går inn i borga og kallar Jesus til seg der. Folket treng ikkje høyra at han er usikker. Alt det dei tala om er ikkje nedskrive. Men kjernen er der fortsatt. Pilatus spør: ”Er du konge over jødane?” Spørsmålet høyrer heime som i ei rettssak. Den anklaga må svare for seg. Det handlar om å bli dømt eller om å gå fri. Men Jesus snur situasjonen. Når han svarer: ”Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt dette om meg?” er Pilatus plutseleg blitt elev - og Jesus er læraren.

Ein tolvåring blei eit vitne i ei viktig rettssak. Ein advokat som skulle krysseksaminere han, spør: ”Far din har fortalt deg korleis du skal vitne, ikkje sant?”

- Jau, svarer guten.

- Nå, fortel oss korleis far din fortalte deg korleis du skulle vitne.

- Vel, svarer guten, far min sa at advokatane ville prøve å finne feil i det eg skal vitne om, men om eg bare var forsiktig og ikkje fortalte anna enn sanninga, så kunne eg fortelje det same heile tida.

Jesus tilkjennegir seg si kongemakt. Han presiserer at den ikkje er av denne verda. Hans kongemakt handlar om sanninga. Sanninga om Gud og menneske, om liv og død, og om frelsa.

Kva me tenkjer om Jesus er også viktig. Er Jesus ein me anklagar og spør ut - eller er han meir som ein me ser opp til, ein lærar, ein konge, vår Gud? Lat oss høyra etter kva Jesus seier. For som Jesus avsluttar ”kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst..”

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..