Leif Wikøren Nilsen

Julegåva

Jesus er Guds julegåve til alle menneske - gåva som passer for alle

”Kvifor gler du deg til jul?” Mange barn vil svara at det er på grunn av julegåvene. Ja, kven ønskjer seg ikkje julegåver? Vi kjøper mange gåver, og vi gler oss til å gi dei til dei vi er glade i. Men det er nok mange som ikkje gler seg til jul. Det kan vera sjukdom, sorg, vonde ting i familien m.m. For desse er jula ei vond tid. Men kva er eigentleg jul? Julegåvene? Bord fulle mat? Butikkar med fristande tilbod?

Den første jula handlar om en liten familie i ein fattig stall, som ikkje fekk rom i herberget. Dei måtte ta til takke med ei krybbe som dyra fekk mat i. Der la dei den nyfødde sonen sin. Likevel har det vel aldri vore slik gledesfest for ein barnefødsel på jorda. Englane viste seg for hyrdar på markene utanfor Betlehem, og dei song med stor gleda og jubel. Frå Austen kom tre vise menn som hadde lese om dette barnet. Dei vart leia av ei stjerne som til slutt stansa over stallen. Luk 2, 10: Frykt ikkje, eg forkynner dykk ei stor glede – for alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar.

Jesus er Guds julegåve til alle menneske. Han er julegåva som passer for alle. Alle treng ein frelsar. Alle treng ein som seier: ”Ver ikkje redd”. Alle er høgt elska og Gud gler seg over alle som tek imot denne gåva. Det går an å gleda seg til jul - uansett. For Jesus forstår deg og vil vera med deg. Han er julas glede!

Så enkelt og stille kom Gud til vår jord.
Så høyt er jeg elsket av Jesus, min bror.
Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han lik,
men Jesus ble fattig, og jeg er blitt rik.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..