Leif Wikøren Nilsen

Sjå framover

Eit ønske om Guds signing over året som ligg forran..

Kyrkjeklokkene har ringt. 2012 er historie. 2013 er no. Vi ønskjer kvarandre det beste for året som ligg ubrukt foran oss. Vi vil gjerne spå om framtida, men kan det ikkje. Sjølv om vi ikkje kjenner det som ligg framom, veit vi noko viktig om det som ligg bak. Jesus er fødd. Det er inga tilfeldig hending. Det var førebudd hjå Gud frå æva av. Jesus vil vere med oss i det nye året. Det kom eit nyttårsønske på mobilen min, som lydde slik: ”Et Godt Nyttår ønskes deg og dine, med håp om at det kommende året vil by på: Lite mygg, søte jordbær, ørret og kreps, fønvind i nakken, varmt julivær, god fordøyelse, regelmessig avføring, fornuftig matlyst, snill omgangskrets, avbalanserte slektninger og et greit skatteoppgjør! Da skulle vi vel ha fått med det meste. Godt nytt år! God bless! Nyttårsklem fra….”

Her var mykje vi kan slutte oss til. Små kvardagslege ting som likevel er viktige der og da: Lite mygg, søte jordbær, god mat, fint vær, god helse, greit forhold til familie og slektningar, arbeidskollegaar, ein grei økonomi og eit greit skatteoppgjer. Vi sluttar oss gjerne til dette nyttårsønsket. Går det i oppfylling, må det bli eit godt år 2013.

Er det likevel noko som manglar? Ikkje om du fekk med deg dei to siste orda i nyttårsønsket. Dei var på engelsk: God bless! Gud velsigne. Eit år handlar om daglege, kvardagslege ting og så handlar det om Guds velsigning.

”Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet lysa over deg
og vere deg nådig!
Herren lyfte sitt andlet mot deg
og gje deg fred!”
(4 Mos 6, 24 – 26)

Det er godt å begynne eit nytt år under Guds velsigning. Velsigning er noko vi tar imot, men det er også noko vi skal gje vidare. Det er fint om vi i det nye året kan vere til velsigning for andre.

Kva er det vi treng og ønskjer oss i det nye året? Det er mykje, men mest å vere under Guds velsigning. Godt år 2013. Sjå framover under Guds velsigning.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..