Leif Wikøren Nilsen

Samstundes syndarar og frelst

Om lova og om nåden

I evangeliet etter Johannes, i det 1. kapittel vers 17, står det ”For lova vart gjeven ved Moses, nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus.”

Teksten talar om eit vendepunkt i historia. Det store vendepunktet. For kristendommen si historie. Så stort at me har nullstillt kalendaren etter dette: før og etter Jesus Kristus.

Før Jesus handla det om lova gjeven ved Moses. Tanken er at om ein klarar å halde lova, så går ein fri. Ja, mange vil til og med tenke at berre om ein ikkje blir teken i noko galt, så får ein gå fri - til dømes slik som mange tenkar i dag omkring mobilbruk i bil. Lova gjeven ved Moses går det ikkje an å snike seg unna. Alle er me skuldige. Og straffa, bota, ligg på våre skuldre. I alle fall heilt fram til det store vendepunktet.

Jesus kom med nåden og sanning. Sanninga er at me ikkje går fri. Ja, me er skuldige. Nåden er at sjølv om me er skuldige, så blir me ikkje straffa. For Jesus tek straffa på seg sjølv.

Det har hendt at eg har truffe mennesker som har slitt med dette. Anten finn dei seg sjølv skuldige, utan å klare å gripe sjølve nåden i Jesus. Eller så er det nokre ”utanfor” som ser på kristne og kjem fram til at ”Jaja, dei er jo ikkje betre enn oss andre.” Å være kristen, er å ha erkjent vendepunktet frå Moses til Jesus. Det handlar ikkje om at ”kristne faktisk klarar å overhalde lova” eller ”være prektige”, men om å vere fri, til tross for at lova dømer oss. For nåden og sanninga er komen ved vår Herre Jesus Kristus. Me er samstundes syndarar og frelste.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..