Leif Wikøren Nilsen

Elsk din neste. Som deg sjølv

Frå det doble kjærleiksbodet - til krava i forbrukarsamfunnet

I Matt 22, 38 står det: ”Du skal elska nesten din som deg sjølv”. Setninga er henta frå ”det dobbelte kjærleiksbodet”. Setninga har fleire ”dybder”.

Det mest innlysande er at dette er ei sterk oppfordring til å strekkje seg langt – for dei rundt oss som treng hjelp.

Vidare så er nokre av oss av natur veldig ”sjølvoppofrande”. Det å strekkje seg langt for nesten kan fort bli noko ein sjølv lid under. Til ein kvar som kjenner det slik, vil det vere godt å leggje trykket på siste del av dette kjærleiksbodet: ”som seg sjølv”. For korleis kan ein elska sin neste som seg sjølv, om ein ikkje elskar seg sjølv? Desse to delene må stå i samsvar med kvarandre. Det neste steget, rettar seg til den som passivt ”blir elska” (av nokon som gjerne vil fylgje dette kjærleiksbodet). Desse ”passive” kan lett delast i to grupper. På den eine sida er det dei ”stakkarslege” som genuint treng hjelp (”stakkar” er blitt sagt kjem frå gamalnorsk ”stavkar” – altså ein som treng å støtte seg til ein stav). På den andre side er det ein del som er blitt bortskjemte. Og dei trur eg det er langt fleire av enn dei som er villige til å innrømme at dei er det. For...

...me lever i eit ”forbrukarkravsamfunn”. Me skal bli servert. Me skal få. Me har krav på. Det er leikande lett å venna seg til å være ein passiv forbrukar. Idrettslag har måtte poengtere at ein ikkje berre kan forvente å ”levere” og ”hente” barnet før og etter trening. Leiarar av kristne lag har blitt irettesett fordi det ein fredag ikkje er tilbod til ungdomen. Vidare: kva slags krav er ikkje blitt retta i media etter 22. juli? I forhold til politi, helsevesen og politikarar og andre? Endog Se og Hør krev at kongefamilien inkludert borna stille skal akseptere at private feriar skal brettast ut på 30-40 sider i bladet. Som prest er også eg ein av dei som skal ”elska nesten”. Eg har også møtt krav som overgår det rimelege. Eit døme kan være då eg som konfirmantlærar i Finnmark fekk ein verbal overhøvling fordi konfirmantane kraup over ei benkerad under presentasjonsgudstenesten. Det var ein konfirmantforelder som reagerte. Ein lærar tok meg i forsvar. ”Det er sånn på skulen også, ” sa han og fortsette: ”foreldrene har gløymt at dei sjølve og har eit ansvar for sine born og korleis dei kan og skal oppføre seg.”

Elsk din neste. Som deg sjølv. Både stakkarane og hjelparane finst. Men ikkje lat oss bli bortskjemte. Krav frå forbrukarar til samfunnet bør være rimeleg. Både i forhold til frivillige så vel som til profesjonelle hjelparar.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..