Leif Wikøren Nilsen

Kva er påske?

Eit lite glimt av kva kristen påske er

Påske er kyrkja si største høgtid. Ordet ”påske” kjem frå det hebraiske ”pesach” som betyr ”utgang” og i pesach feirar jødane utgangen frå Egypt. Kyrkja feirer kristen påske til minne om Jesu Kristi liding, død og oppstode som skjedde i samband med den jødiske pesach for snart 2000 år sidan. Kyrkjemøtet i 325 i Nikea, bestemte at påskedag skulle vere fyrste sundag etter fyrste fullmåne etter vårjevndøgn. Påskedag kan difor bli så tidleg som 22. mars (neste gong blir i 2285) og så seint som 25. april (neste gong blir i 2038). Opptakten til den kristne påsken skjer med fastetida, palmesundag og den stille veke (til og med langfredag), men sjølve påskehøgtida startar laurdag ved solnedgang. Etter kyrkjeleg (og jødisk) tradisjon startar døgnet ved solnedgang og difor blir påska (og jula og pinsa) ringt inn nettopp på laurdag mellom kl 17 og 18. Påsketida varar fram til pinse.

Påske er kyrkja si største høgtid. Utan oppstoda er kristendomen ingen ting. Verken Keth, VG, NRK eller CNN var tilstades den gong. Det blei ikkje dokumentert sånn som i dag. Til gjengjeld har fleire augevitne skrive ned det dei opplevde – og dette er samla i Bibelen. For meg og deg gjeld det å velje å tru på det som står skrive – eller ikkje.

Om du trur eller ikkje, om du er heime, på fjellet eller på hytta på Sørlandet i påsken, vil eg utfordre deg til å bruke noko tid på å oppleve påskehistoria. Det finnes filmar som t.d ”Prinsen av Egypt” (opphav til jødane si påske), ”Jesus frå Nasaret” (heile Jesu liv) og ”Passion of Christ” (sterke scener - fylg anbefalt aldersgrense) og sjølvsagt kan du lese i Bibelen sjølv, f.eks Luk 22-24.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..