Leif Wikøren Nilsen

Grunnlovsdagen

«Vakta oss, Gud, så me kan bu, i heimen med fred og hyggja.»

Mitt lille land / Der høye fjell står plantet / mellom hus og mennesker og ord / Og der stillhet og drømmer gror / Som et ekko i karrig jord

Eit dikt, ein song, der musikken og teksten er veldig open. Det er ingenting i Ole Paus sin song som er knytt til eit bestemt tidspunkt. Og det gjer at han kan tolkast på forskjellige måtar. Sjølv så synes eg han viser meg mykje av folkesjela; stor natur, slit på små og større bruk opp gjennom, forsiktige menneskje og ein solid porsjon skepsis til nye ting: Noreg! Men draumar og mål er sårbare og skjøre: hus og menneske og ord kan fort forrykkast. Verda for øvrig er også blitt så liten: t.d. 22. juli. Afganistan. Kim Jong-un. Anonymous (hackere og aktivistar på internett)...

Nokon har meint at Ole Paus sin song kunne vore ein ny nasjonalsong. Eg er ikkje utan vidare einig. Ja, den vekkjer minne om ein idyll eg ikkje ser i det daglege. Eg vil heller søkje tryggleik i Elias Blix sine ord: Vil Gud ikkje vera bygningsmann, / me fåfengt på huset byggja. / Vil Gud ikkje verja by og land, / kan vaktmann oss ikkje tryggja. / So vakta oss, Gud, så me kan bu, / i heimen med fred og hyggja.

Kyrkja si bibeltekst 17. mai i år handlar om det same, om den eine av dei 10 som kom tilbake til Jesus. Luk 17, 11-19.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..