Leif Wikøren Nilsen

Frelsar

Ei vandring frå ein personleg frelsar til frelsaren for heile verda

Eg har mange gonger (særleg i min ungdom) halde fast på at Jesus frelste meg personleg, og at han frelsar andre som meg: menneskjer i første person eintal, personleg og som einskilde individ. Og av den grunn har eg ofte snakka om Jesus som vår personlege Frelsar.

Eg trur framleis at Jesus verkeleg vil møte kvar av oss personleg. Kvar og ein må bøye kne, bekjenne vår utilstrekkelegdom, gje sitt personlege liv over til Jesus og setja si lit til Jesus. Han er vår Herre og Frelsar. Han betalte vår synd og skuld på krossen. Det som står att er å ta i mot denne bodskapen, personleg - og av nåde. Men eg fryktar mange kristne reduserar kristendommen til ein ”personleg kristendom” som best kan samanliknast med korleis me tenkjer om personlege datamaskinar, personlege trenarar - eller min bil, min TV, min 7. sans, mi tru: eit produkt eller ei teneste som er til stades for å underhalda meg, tene meg og tilfredsstille meg - helst forma i mitt eige bilete. Og som ei fylgje er kristendom, gudsteneste, kyrkje og trusopplæring å forstå som ein reklamekampanje for denne ”personlege kristendommen”.

Eg har no vandra med Jesus gjennom ein del år. Eg har levd med gudstenestens liturgi, sunge dei salmane som ikkje slites så fort ut, lest i Bibelen, fulgt menneskje til døypefont, altarring og gravplass. Eg har fått fundert ein heil del på bodskapen om Jesus, kva den betyr - for meg og for oss. Og mellom anna så har denne forståinga om ei ”personlege tru” skifta meir og meir: i frå at Jesus er min personlege Frelsar – til at Han er heile verda si frelsar.

For så høgt har Gud elska verda at han ga sin Son, den einbårne, for at kvar den som trur på ham, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Joh 3, 16

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..