Leif Wikøren Nilsen

Siste sundag i kyrkjeåret

Om å frykta Herren og venda seg bort frå det vonde

i år den 24. november, er ein dag som har hatt litt forskjellige namn: domssundag og Kristi kongedag. Dagen avsluttar kyrkjeåret og minner kyrkjelyden om den dagen då alt skal få sin avslutning – og alt levande skal møte Skaparen.

I Bibelen kan vi mellom anna lese om Job og hans venner. Hans liv har gjeve han mange velsigningar. Han er rik og har mange barn. Men djevelen tar frå ham alt, til han til slutt sit på avfallshaugen og skrapar av seg byller og sår.

En gjennomsnittleg vellukka nordmann kan lett kjenne seg igjen i Jobs fyrste livsdel. Langt fleire av jorda si befolkning kjenner seg att i han når ulykka har råka han. Noko av visdommen frå Job handlar om at uansett korleis livet velsignar eller forbannar oss, så er Gud fortsatt Gud. Jesus er konge. For ham skal kvart kne bøya seg. Lat oss læra frå Job sine erkjenningar:

Å frykta Herren, det er visdom, å venda seg bort frå det vonde, det er forstand. Job 28, 28.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..