Leif Wikøren Nilsen

Herren er nær

midt i alt julemas og kjas

Paulus brev til kyrkjelyden i Filippi er også kalla for ”gledens brev”.

Paulus besøkte byen då han hadde sin fyrste misjonsreise. Under sitt første besøk blei han fengsla og piska. I fengselet ba og song Paulus og Silas midt på natta, og mens dei ba, kom eit jordskjelv og skaka fengselet. Bøna, og så jordskjelvet, vart ei så sterk oppleving for fangevoktaren at han blei ein kristen. Kanskje var fangevoktaren ein av dei første lesarane av Paulus sitt brev? Apg 16, 16-40.

Paulus skreiv brevet frå eit anna fengsel Fil 1, 12ff. Han hadde eit nært forhold til kyrkjelyden. Han festar bodskapen sin til uttrykket ”Herren er nær”. Og kyrkjelyden hugsa sikkart godt at Paulus satt fengsla der for nokre år sidan.

Det er merkeleg at det som er så vanskelig som det å sitta i fengsel og verta piska vert knytta saman med glede. Det var heilt naturleg for Paulus å knyte det saman slik.

Også i alt julemas og kjas; midt i alle førjulsfestar og juleavslutningar; kan også me gleda oss over at Herren er nær. Det er eit gledesbodskap også til oss i dag. Gud er kjærleik. Han elskar alle. Ikkje minst dei som slit og har tungt å bere. Er ikkje det også den største gåva me kan få? Ubetaleleg er det at Gud har sett meg. Ja, sjølv meg. Med alle mine feil og manglar. I mitt ufullkomne liv. Så, gled dykk! Herren er nær!

Me ønskjer alle ei god adventstid og ei velsigna julehøgtid!

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..