Leif Wikøren Nilsen

Nyttårsløfte

All erfaring tilseier at nyttårsforsett har kort holdbarhetsdato.

Nokre løfter held ei lita stund, men etter ein måned eller to, er dei fleste gløymt og gøymt. Det gjeld særlig løfte som har med sunnare livsstil og radikale endringar å gjere. For livet blir sjeldan veldig annleis over natta.

Men eg trur på endringar. Jesus møtte mange mennesker. Felles for dei aller fleste var at dei trengte ei endring. Dei hadde tungt å bere: sjukdom, smerte, synd, sakn og mykje anna. Jesus møtte den einskilde med nåde, sanning og klar tale. Slik såg dei sanninga med sitt eige liv. Nåde til å gjere opp med det øydelagde og vonde. Og livet fekk ny retning, ein ny start og nye muligheiter. Eit kvart møte med Jesus er eit møte som fører til endring og gir nytt liv.

Med nyttår er det naturleg for dei fleste å stoppe opp og sjå tilbake på året (og livet) som har vore: gjere opp rekneskap med seg sjølv, og så skue framover: året ligg framfor - med blanke ark. Fargestiftene held ein i handa: Kva vil ein skal skje i 2014? Kor går ein? Vil eg la det skje endring – i mitt liv? Det er ille om fortida held ein att, så ein ikkje får ny start, gå i ny retning og oppleve ny muligheiter. Endring er vanskeleg. Me treng hjelp. For at endringa skal vere varig. Gud vil hjelpe. Me treng Guds nåde for å gjere opp med fortida. Me treng Guds rettleiing for vegen vidare. Og me treng Guds kjærleik med oss alltid.

Jer 29, 11 For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..