Leif Wikøren Nilsen

Bibeldagen

Gjennom Bibelen - ein bibel-lesebølgje

Sundag den 16. februar heiter Såmannssundag i kyrkjeåret. Teksta for dagen Luk 8, 4-15 handlar om såkornet som fell i all slags jord. Såmannen er ualminneleg raus. Det spirer og gror ikkje bare på dei stadar såkornet fell i god jord. Men vekstvilkåra avgjer om kornet klarar å vekse til det kan bere frukt.

Det er ikkje utan grunn at denne teksta høyrer med til Bibeldagen. Såkornet er Guds ord. Guds ord skal gis raust ut til alle og einkvar.

Og det som er så fantastisk og fascinerande og forunderleg, ja nesten skremmeleg med Guds ord, er at det gir seg til å vekse hos den som får ordet. Salig er den som er god jord for Guds ord så ordet også ber frukt.

Ingeborg Mongstad-Kvammen, generalsekretær i Bibelselskapet,  starta en bibel-lesebølgje nyttårsafta. På si Facebookside oppfordra ho andre til å bli med på hennar nyttårsforsett om å lese heile Bibelen i løpet av 2014. (sjå bibel.no og «Gjennom Bibelen i 2014» på Facebook) Sjølv så er eg venn med Ingeborg på Facebook, så eg såg fort at dette var noko veldig mange hang seg på.

No er det å lese heile Bibelen ei utfordring ikkje alle klarar. Det er ein del år sidan eg sjølv las Bibelen samanhengjande frå 1. Mosebok og heilt ut Openberringa.

Men det blir mykje Bibellesing både privat og i førebuingane mine til jobb for det. Og eg meiner bestemt at litt kan alle klare. Kanskje attåt kaffikoppen på morgonen? Sjølv eit lite ord for dagen – eller eit lite ord for veka, lever ut noko av Luk 8, 4-15 i praksis. Og sjølv det minste Bibelord kan vekse – og bere frukt.

Kanskje Ingeborg sin oppfordring også kan vere ei oppfordring til deg? Kanskje du blir med å les heile Bibelen i 2014? Eller kanskje du kan bli med i det litle – eit enkelt Bibelord nå og da meir eller mindre regelmessig gjennom året? Utfordringa frå Bibelselskapet er hermed gitt vidare.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..