Leif Wikøren Nilsen

Kvardagsbøn

Finn dine lønnkamre

Kvardagsbøn

Men når du vil be, gå då inn på rommet ditt og lat att døra og be til Far din som er i det løynde. Og Far din, som ser i det løynde, skal løna deg. Matt 6, 6.

Eg må innrømma at eg ikkje har eit fysisk lønnkammer eg bed i, men eg finn mange anledningar til å falde hendene mine og be i det stille i ein travel kvardag som prest. Sånn er mine bøne-rom.

Då eg budde i Vadsø, drog eg mange gonger til Tromsø på dagsreise med fly. Eg måtte tidleg opp, gjerne rett etter kl 4. Taxien kom litt før kl 5 og flyet letta rett rundt kl 6. Eg nytta gjerne ventetida på flyplass og i flyet til å be. Bare avbroten av spørsmålet ”Kaffe eller te?” Ein morgon midt i februar såg eg at eg ville oppleve soloppgang kort etter at Dash-8 hadde tatt av. Kanskje kom eg til å oppleve fleire soloppgongar og solnedgangar før eg var framme i Tromsø. Eg valde sete slik at eg kunne sjå ut. Etter mørketida gjer lite så godt som å oppleve sola. Men så var det altså sånn at av ein eller annan grunn ba personalet mange av pasasjerane om å bytte plass. Og eg fekk beskjed om å sette meg i midten av den bakerste seterekkja med midtgangen framom meg. Eg var blitt frårøva å nyte sola frå vindaugsplass. Og eg ergra meg over det. Andre passasjerar med vindaugsplass sat med ansiktet klistra mot vindauget. Eg fekk ikkje ein gong sjå forbi dei. Eg syntes det var urettferdig. Eg folda hendene rundt kaffekoppen og ba. Og mens eg ba, var det som ein stemme svara meg i mitt indre: «Du kan ikkje sjå sola utanfor vindauget. Livet ditt er også nokre gongar sånn. Du får ikkje sett sola, lyset, varmen, men må halda deg i skuggen, ta til takke med å sitja i midten på bakerste rad. Eg vil læra deg litt om livet med dette. Du ser det betyr ikkje noko om du får sjå ut av vindauget, eller ikkje. Du kjem til Tromsø uansett. Og sånn er det med livet også. Du kan ergra deg over å ikkje nyta livet med vidusplass eller du kan gjere det beste du kan med det du faktisk har i livet. Målet med livet er ikkje avhengig av kva du opplever undervegs. Forstå det, og ver nøgd med dei opplevingane og erfaringane du faktisk har undervegs.»

Eg har gjerne ikkje eit eige lønnkammer, eit bønerom. Få har det. Men nytt dei stille stundene du har, midt i ein travel kvardag, og vår Far, som også ser i det løynde, ser til deg også der.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..