Leif Wikøren Nilsen

Ver ikkje redd

For du har funne nåde hos Gud

I skrivande stund står Maria bodskapsdag for døra. Dagen foregrip jula med 9 månadar - eit svangerskaps lengd. Maria vart utvald av Gud. Bodskapen og oppgåva ho fekk gjorde henne først redd. Men engelen roa henne med desse orda:

Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud - Luk 1, 30

Det kan vere mangt som uroar oss også. Usikker framtid, pengar og arbeid, ja, det meste. Og kanskje kjenner ein seg redd – om ein sjølv er blant dei som eig frelsa. Trygve Bjerkreim skreiv i 1971 nokre vers som både minnar om Maria si nådehelsing og påsken sin bodskap om frelsa gjennom Jesus. Han nyttar dei tre orda som også blei gjevne til Maria: Ver ikkje redd! Ein frigjerande, vidunderleg og velsigna Guds helsing også for urolege menneske i dag:

Ver ikkje redd! Du har ein Frelsar som kjøpte deg til Gud med blodet sitt. Kvar ein som kjem, han varmt velkomen helsar. Guds barn du vert. Eit evig liv er ditt. Ver ikkje redd! Di synd er sona, di gjeld betalt, og Jesus leid din død. For Kristi skuld du kvila kan, og vona. Han sjølv di rettferd er, og livsens brød.

Ver ikkje redd! For faderhanda deg verna vil. Den armen fast deg held. Han skal deg losa til du står på stranda. For Kristi verk i tid og æva gjeld.

Ver ikkje redd for framtidsdagen, for solefallet og di siste stund! Din frelsar fører deg til livsens-hagen. Der du for evig står på sikker grunn.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..