Leif Wikøren Nilsen

Det går et festtog gjennom landet!

Kyrkja spelte ei viktig rolle både i førebuingane og i utforminga av grunnlova

25. februar 1814 var det ein ekstraordinær gudsteneste i dei fleste landets kyrkjer. Folket fekk høyre: ”Prinsen har overtatt styre av landet! Folket kan berge sin fridom ved å støtte han! Velg utsending til riksforsamlinga på Eidsvoll i april!” Resultatet vart altså grunnlova me i år feirer er 200 år.

Grunnlova er på mange måtar ei samling av verdiar og den arven me byggjer landet vårt på – også den kristenhumanistiske arven. Ho garanterar oss rettar og fridomar. Ho formar det me enno i dag kallar ”Noreg”.

Kyrkja spelte ei viktig rolle både i førebuingane og i utforminga av grunnlova. Sjølv om ein del meiner at kyrkja ikkje lenger skal ha noko meining om anna enn dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd, så fortset kyrkja med frimod å vere eit korrektiv: Når den svake lid. Når me øydelegg skaparverket. Når krig og vald famnar om seg.

Kyrkja er og har alltid vore ”ei profetisk røyst inn i vår samtid”. Det var sjølvsagt i 1814, både for dei som samla seg på Eidsvoll og for heile folket som kom på gudstenesta 25. februar 1814. Då vart det tala over Salme 62, 8-9: ”Hos Gud er mi frelse og mi ære. / Mitt mektige berg, mi tilflukt er hos Gud. / Lit alltid på han, de folk, / aus ut dykkar hjarte for han! / Gud er vår tilflukt. Slik bør det vere enno i dag.” Enno går eit festtog gjennom landet.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..