Leif Wikøren Nilsen

Emmausvandrarane

Luk 24, 13-35 beskriv den mest vidunderlege vandringa i historia..

Ein viss framand kom og gav seg i lag med desse vandrarane,  men dei kjente han ikkje igjen. Samtalen gjekk om det som hadde hendt: Jesus krossfesta. Meisteren død. Alt som var tapt. Knuste håp. Vanskelege spørsmål. Fortviling. Frustrasjon.

Også i dag kan det vere vanskeleg å få auge på Jesus. Me blir lett blinde av all naud og fare i verda: hunger, katastrofer,  krig, flyktningar, misbruk, overgrep, einsemd,  uforsonlege statsleiarar. Så mange fortvila menneske.

Kvar er så Jesus? Jesus var ikkje langt borte. Thomas fekk sjå og røre han. Peter fekk snakke og forsone seg med han. Og vandrarane fekk til slutt auga opp for kven dei gjekk i lag med.

Men kva med oss? Me møter Jesus i Mosebøker, i konge-bøker og krønikebøker. Det står om Jesus i poesi og i profetiar. Me har evangeliane. Historia om apostlane. Brevene. Og Openberringa. Og så har me andakter, preiker, apellar og bibeltimar. Men ikkje berre i Ordet utlagt eller skrive. Også når me deltar i det heilage måltidet, når Jesus på nytt knyt vin og brød til sin lekam og sitt blod, til minne og frelse og syndenes forlatelse, då er han her. Då kan også me kjenne han att, slik vandrarane også kjente han att. Ja, men også enno meir: kvar gong me treff ein annan Guds skapning, eit menneske, eit dyr, ein plante; då ser me spor av Guds finger (Sal 8). Og me kan kjenne han att (Matt 25, 34ff).

Gud, heilage ande, skap og styrk trua, så me kjenne deg igjen: i Ordet, i Nattverden, i nesten, ja, over alt, der du er. Amen.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..