Leif Wikøren Nilsen

Maria, visste du..

..kven guten du la i krybba var?

Maria, visste du at guten din
..ein dag vil gå på vatn?
..ein dag vil frelsa menneske?
..som du har gitt liv til
Han vil snart stå fram
og gi nytt liv til deg?

Det er advent og snart jul. Julemusikk strøymer på frå høgtalarar i butikkar, frå bilradio, i stova, på kjøkkenet og i hodetelefonar. Mange av julesangane handlar om pynten rundt jul: nissar, pakkar, julekos, julemysterie og anna. Ja, mange av oss kjenner på at handelsstanden har feira jul veldig lenge allereie. Men nokre av sangane tek oss med til kjernen av kva jula er. Ein engelsk song av Mark Lowry og Buddy Greene er slik. Den tek oss rett til sjølve kjernen av jula. ”Mary Did You Know” heiter den på engelsk. ”Maria, visste du?” på norsk. Eg har omsett songen så godt eg kan,  fritt i frå engelsk. Det fyrste verset ser du øvst i denne andakten. Resten finn du nedanfor. Omsetjinga mi passar ikkje heilt til melodien, men kanskje kan du nynne litt med:

Maria visste du at guten din..
..vil gje den blinde synet?
..ein dag vil stille stormen?
..som du no gjer eit kyss,
Han har gått der englar er
og sett ansiktet av Gud.
Maria visste du at guten din..
..er Herre over skapinga?
..ein dag vil herske jorda?
..som søv så søtt i armane dine
Han er det lytefrie lam
og er det store Eg Er?

Songen spør: Veit me eigentleg kven han er? Han guten som blei født i Betlehem og som blei lagt i krybba?

Lat oss ikkje bli lei av å undre oss over kjernen i jula,  det jula eigentleg handlar om: Kven Jesus-barnet er!

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..