Leif Wikøren Nilsen

Godt nyttår alle saman.

Himmelstigen er også her og no

Eg vil nytte denne anledninga til å lyfte fram eit vers frå historia om Jakob og himmelstigen (frå 1. Mos 28, 10ff). I det 16. verset står det: Då vakna Jakob av søvnen og sa: «Sanneleg, Herren er på denne staden,  og eg visste det ikkje!»

Å vakne opp kan bety ulike ting. Det kan handla om å stå opp om morgonen. Men denne gongen tenkjer eg meir på det å få augene opp, så ein ser og forstår ei sak betre enn det ein gjorde før, ja - det at ein plutseleg forstår ein løyndom.

Det Jakob såg og forstod var at Herren Gud var på denne staden der han sov. Me kan også oppdage det same, tenk: Herren har vore med oss i 2014. Tenk. Leit. Dei gongene livet var bare bra; med leik, fest,  seier eller dans, då var Han der! Og dei gongene livet har vore tungt, vondt og vanskeleg; kanskje med sorg,  tap, skuld eller nedslått blikk, Han var der då også! Jakob forstod plutseleg at Herren Gud var der han hadde lagt seg for natta. Me moderne menneske tenkjer ofte at Gud, Han er bare i kyrkja, i nokre foldede hender, i krybba, på korset eller i himmelen.. Han kan vel ikkje vere der sorg og skrik og smerte er? Og har eg det bra, så treng eg Han jo ikkje.. Eg har møtt mange som gjev uttrykk for tankar i desse retningane. Men no, ved inngangen til sjølvaste 2015: VAKN OPP! For Herren er nær! Han omgjev deg. Han held deg fast. Han er ikkje langt unna nokon av oss. Ikkje gå enno eit år utan å ha del i denne løyndomen: Gud er der du er. Om du søv, om du et frukost, om du arbeider eller om du går på skule, så vit at Herren er nær! Nettopp no!

Sjå etter Han. Kan vere Han gret saman med deg. Han trøystar. Kan vere han dansar i fryd over dine påfunn! Han gjev håp. Han gjev frelse. Han som var med oss i 2014, Han er med oss i 2015 også! Godt nytt år :)

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..