Leif Wikøren Nilsen

Kveitekornets lov

Kan det vekse fram noko godt av vonde hendingar - enno i dag?

Å vite at det eine kornet må i jorda ”og døy”, for at det skal bli fleire korn, det veit dei fleste som bur her i Bjerkreim. Jesus overfører dette biletet på seg sjølv. Han samanliknar sin eigen død og sidan si oppstode med det som skjer med kveitekornet. Dette høyrest kanskje enkelt og greitt ut, men mennesker har frå Jesu tid hatt vanskar med å forstå både djupna og rekkevidda av det Jesus seier.

Det provoserande: ”Ikkje sei at du må døy, ” sa læresveinane mens Jesus levde. ”Eg trur ikkje før eg får kjenne såra i hendene og i sida hans, ” sa Tomas etter at Jesus var stått opp igjen. Forkynninga om ein krossfesta Gud provoserte menneske der Paulus gjekk. Og det provoserer mange i dag også. Tenk på linene frå jul til påske: Det vesle barnet som blei lagt i krybba,  blei født for å døy – slik me syng: ”Fra krybben til korset gikk veien for deg”.

Det fascinerande: Frå å starte med dei 12 menneska som Jesus hadde nærast seg – er me i dag om lag 2.4 milliardar (2 400 000 000) kristne menneske – om lag 1/3 av alle menneske (kilde: wikipedia).

Sjølvsagt vil mange av desse vedkjenna seg trua i veldig ulik grad, men det er utruleg fascinerende likevel. Ja, det er nesten heilt ut sant når me syng ordet ”alle” i songen: ”så alle kan samles i himlen hos deg!”

I februar startar fastetida. Då grunnar me på kveitekornets lov. Me prøver å ta til oss kvifor vegen for Jesus måtte vere slik. Og i dette lyset ser me også på liding og død i verda i dag:

¤ Etter januar 2015 skreiv mange ”Je suis Charlie!”
¤ Etter 22. juli 2011 song mange ”Mitt lille land”
¤ Etter 2. verdenskrig heiste vi flagg.
¤ Ein gong det fyrste århundre: ”Døden er slukt og sigeren vunne.” 1 Kor 15, 55

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..