Leif Wikøren Nilsen

4. søndag i påsketida

Preike av Leif Wikøren Nilsen

[4. søndag i påsketida][Jes 43, 16-21]

Det står skrive hjå … i det .. kapitlet, vers …-…:

Jes 43, 16-21

16 Så seier Herren, han som gjorde veg gjennom sjøen, ein stig i det veldige vatnet. 17 som førte vogner og hestar, hær og hovdingar uti. Der vart dei liggjande og reiste seg aldri, dei slokna som når ein veike blir sløkt. 18 De skal ikkje minnast dei første ting, ikkje tenkja på det som hende før. 19 Sjå, eg gjer noko nytt. No spirer det fram. Merkar de det ikkje? Ja, eg legg veg i ørkenen, elvar i øydemarka. 20 Ville dyr skal æra meg, sjakalar og strutsar. For eg gjev vatn i ørkenen og elvar i øydemarka så mitt utvalde folk kan få drikka. 21 Mitt folk, som eg har forma, skal forkynna min pris.

Slik lyder Herrens ord.

 

Innledning / apéritif

Dagens tekst innleiast av orda ”Så seier Herren”. Det er ord som fortel at det ikkje er menneskers ord som kjem nå. Det er ord utanfor oss sjølv. Og profeten Jesaja som me har dette frå, hadde fått denne store oppgåva, å fortelje folket kva Herren Gud seier. Det var ikkje lett. Og med god grunn. Hadde eg stått fram for å fortelje dykk kva Gud fortel, eller kva DHA og eg har blitt einige om, reknar eg med at eg ville bli møtt av mykje sunn skepsis. Også her. Forskjellen mellom meg og profeten Jesaja, er likevel stor. Jesaja fortalte noko nytt. Eg vil fortelje kva Herren allereie har sagt, kva som står i Bibelen, kva dette betyr for oss i dag, her og no, og for all æve. Tre tring spring fram i tanken min frå det Jesaja fortel:

 

1 Forkynn hans pris

Det nye Jesaja fortel, har gode røter i det som har skjedd før, det Gud allereie har gjort.

 

Israels folk blei ført ut av Egypt. Ikkje med kvite busser. Ikkje på tog. Men med store teikn og sterk hånd. Gud gjorde hjertet til Farao hardt – fleire gonger – til han gav Gud æra at han var sterkast. Vidare Farao og heile hæren hans utgjorde ein stor og reell fare for Israels folk. Så når vatnet druknar dei – så er Israel tryggare enn dei har vore. Dei vart utfria.

 

Dette gamle får no ein ny betydning i det Jesaja forkynne. Dette skal hende på nytt. Enno ei gong skal dei som har ført Israel bort, gje Gud æra (tenk på Daniel), missa makta (Kyrios), og sleppe folket fri.

 

Det merkelege med Guds ord er at det ikkje stoppar å vere profetisk kun knytta til den situasjonen som var då. For me har Jesus. Også han fikk folk og myndigheter, hedningar og Israels folk, til å åpna augene (Nikodemus), gje Gud ære (soldaten ved Jesu kross), og sleppe folket fri (frå synd og død, djevelens, denne verdens fyrste missa makta).

 

Og ikkje nok med det: me ser fram til Jesu Kristi dag, då Han kjem att, i skyene, som lynet går frå aust til vest, kvert kne skal bøye seg, alle skal gje Gud æra og djevelen skal endeleg bindast og kastas ut, og Guds folk skal være samla hjå Gud, og den nye jorda og den nye himmel trår fram.

 

2 Gløyme dei første ting og gjere noko nytt..

Syndens glemselshav.

Dåpen ein ny skapning. Døden er ikkje slutten, men starten.

Det heile har starta allereie.

Ved DHA kan me kjenna att Kristus i den som svelt og tørstar, ved DHA kjenner me kallet til å verka det nye Guds rike allereie no, og ved DHA lengtar me framover til dagen då me skal få sjå Han, andlet til andlet i Guds rike.

 

3 me e skapt til å gje Gud æra, lovprisa Gud for det han har gjort mot oss

Det er lett å tenke at livet handlar om å realisere oss sjølve. Frå barnet sin sjølvsentrering – til den voksnes oppofrande liv.

For undervegs vil me oppdage at me høyrer Han til. På ulikt vis kjem me til nettopp denne erkjenninga og på ulikt vis gjer me Gud æra for dette. ”Mitt folk skal forkynna hans pris” seie Jesaja. Lovprising har ulike uttrykk:

¤ ord bekjennelse trusfortelling vitnesbyrd

¤ song lytte så vel som å synga .. ikkje gløyma å spela

¤ stillhet

¤ bøn

¤ med hjarta, med smil, med gode gjerningar, med takk, med trygghet

 

Avslutning / punch line

Guds Ord kjem til oss på fleire vis. Me les Guds ord, og det åpenbarar seg for oss på nytt. Me høyrer Ordet utlagt. Det betyr noe for livet vårt nå. Kva då? Jo at det gamle livet er gløymt og borte, eit nytt liv har trådd fram. Og dette skapar ein trong i oss å fortelje vidare, lovprisa Gud med ord, bøn og song. Me merkar det allereie no. Og me lengtar etter det der framme.

Bjerkreim sjakklubb

Hvem? Jeg?

En kort presentasjon av meg selv..

Lenker

En samling lenker jeg stadig er innom..