1 Kor 15,50-57
Men det seier eg, sysken, at kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og det som er forgjengeleg, skal ikkje arva det uforgjengelege.
Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna inn, men vi skal alle bli omskapte, i hast, i ein augneblink, når den siste basunen lyder. For basunen skal lyda, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal bli omskapte. For dette forgjengelege må bli kledd i uforgjengelegdom, og dette dødelege kledd i udødelegdom. Men når dette forgjengelege er ikledd uforgjengelegdom og dette dødelege er ikledd udødelegdom, då blir det ordet oppfylt som står skrive:
Døden er slukt og sigeren vunnen.
Død, kvar er din brodd?
Død, kvar er din siger?
Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova. Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!
ref «maturo, maturare, maturavi, maturatus» ripen, hurry, make haste to, hasten.
ref «συστοιχέω» I correspond to.
ref «הַמֹּלֶ֫כֶת» Hammolecheth.